Ved å godta
personvernerklæringa samtykker du i korleis Vestnes kommune behandlar dine
personopplysningar.
Personvernerklæring
Denne
erklæringa beskriv korleis Vestnes kommune (heretter
"vi", "oss") behandlar personopplysningar som du
oppgir i våre digitale skjema. Den
følgjande teksta forklarar korleis vi ivaretek ditt personvern,
og korleis vi sørger for at behandlinga blir urført etter gjeldande norsk
lovverk.
Formålet med behandlinga av personopplysningar
Opplysningane du blir bedt om å oppgi i skjemaet gjer det
mogleg for oss å saksbehandle din førespurnad, yte deg dei tenester du ber
om, og arkivere detaljar om saksbehandlinga slik norsk lov krev. Opplysningane
du oppgir vil ikkje bli brukt til andre formål. Opplysningar om deg og din
familie kan også bli innhenta frå offentlege registre (Folkeregisteret,
Kontakt- og reservasjonsregisteret) som ein del av skjemautfyllinga. Opplysningane
i skjemaet er obligatorisk å oppgje for å kunne nytte skjemaet med mindre
anna er angitt, men du har ikkje plikt til å nytte våre digitale skjema.
Kva for personopplysningar behandlar vi:
Kontaktopplysingar
som namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse.
Opplysingar
som er nødvendige for å identifisere deg, som fødselsnummer, D-nummer, kjønn,
statsborgarskap
Opplysingar
om relasjonane dine til andre, eksempelvis namn på ektefelle, sambuar, barn,
sivilstatus
Helseopplysingar
som diagnose, medisinar
Opplysingar
knytte til dei tenestene som du som innbyggjaren nyttar, eksempelvis barnehage,
skule, byggjesak, renovasjon m.m.
Du kan
lese meir på Datatilsynet sine sider om kva som blir rekna som
personopplysingar
Rettsleg grunnlag for behandlinga
Vår behandling av personopplysningar blir utført for å utøve
offentlege oppgåver som vi er pålagt gjennom lov, eller for å kunne utføre
oppgåver i allmen interesse, blant anna for arkivering etter arkivlova og GDPR
art. 6 (1) (e).
Lagring av opplysningar
Opplysningane du oppgir i skjemaet blir i første omgang lagra hos
vår databehandlar ACOS AS (med TeleComputing Norge som underleverandør) på
vegne av oss. Dei blir deretter overført til våre eige arkiv. I våre arkiv blir
opplysningane oppbevart så lenge som det er behov for disse for å kunne
oppfylle våre forpliktingar overfor deg. Når opplysningane er overført til oss
kan dei bli sletta fra ACOS AS sine system. Opplysningar om din brukarprofil
blir lagra i ACOS AS sine system på ubestemt tid, inntil du sjølv foretar
sletting av din brukerprofil. Brukerprofilen består av: navn,
adresse, e-postadresse og telefonnumre.
Sikkerheit
Alle opplysningar du oppgir blir
overført kryptert frå din enhet til vår databehandlar sine system, og derifrå
kryptert vidare til oss. Opplysningane blir kun tilgjengeleg for
personell som har behov for å sjå desse, nærare bestemt: arkivpersonell
hos oss, saksbehandlarar hos oss, teknisk personell hos databehandlar (fram til
dataene er overført), og teknisk personell hos oss. Opplysningane blir ikkje oppgitt til
tredjepartar andre enn dei som er nemnt her. Vi gjer også jamnlege
risikovurderingar og sikkerheitstiltak for å sikre at opplysningane ikkje kjem
på avveie, ikkje vert endra og at dei er tilgjengeleg for våre saksbehandlarar.
Vi har og plikt til å gi deg beskjed dersom vi skulle oppleve
brudd på sikkerheita.
Dine rettigheiter
Du har som hovudregel rett til
Å få informasjon om korleis vi behandler dine opplysningar
Å få oppgitt opplysningane vi har registrert om deg
At opplysningar vi har registrert om deg skal bli sletta
At vi skal avgrense bruken av opplysningar vi har registrert om deg
At vi skal korrigere feilaktige eller mangelfulle opplysningar vi har registrert om deg
Å protestere og/eller klage til Datatilsynet dersom du meiner personopplysningar blir behandla i strid med denne erklæringa
Å motsette deg avgjersler basert på automatiserte vurderingar av personlege forhold.
Henvendingar om dine rettigheiter
blir vurdert opp mot gjeldande norsk lovverk. Krav fra deg kan bli avvist
dersom norsk lov forhindrar oss frå å etterkome ønska.
Kontaktinformasjon
Dersom du har spørsmål om
personvernerklæringa kan du kontakte personvernombodet i kommunen:
Henrik Leknes Syversen
Tlf. 412 62 364
Epost: henrik.syversen@ikamr.no