Ansvarleg søker erklærer at brannsikkerheita er ivareteke i samsvar med gjeldande vilkår:
• Det skal ikkje brennast impregnert trevirke, plast eller kjemikalie.
• Det skal vere ein edrueleg person som har ansvar for brenninga.
• Det skal vere tilstrekkeleg med slokkeutstyr tilgjengeleg. Bålet skal ikkje vere større enn det du sjølv kan handtere. Dersom bålet kjem ut av kontroll ring 110.
• Må ha løyve/godkjenning frå grunneigar.
• Vurdering av ver og vind.
• Ein må foreta ettersløkking.
• Ein må ha med telefon under brenninga.
• Brenninga foregår på eige ansvar for kva skader som kan oppstå.
For å unngå unødig utrykningar pga at tredjepersonar ringer og melder om brann, må du rett før du tenner bålet ringer til 110-sentralen på tlf. 70 11 99 99.
Brannvesenet vurderer og saksbehandlar søknaden med heimel i brannvernlovens § 5, samt forskrift om brannforebygging § 3.