Utsleppsløyve - søknad
Skjemaet gjeld utslepp av avløpsvatn frå område utan offentleg tilknyting som er søknadspliktig etter forureiningsforskrifta kapittel 12.
Etablering av nye utslepp av sanitært avløpsvatn, eller vesentleg auke av eksisterande utslepp, er søknadspliktige jamfør forureiningsforskrifta kapittel 12. Søknadsplikta gjeld også når avløp går til tett tank.
Det er søkar sitt ansvar å fylle ut ein nøyaktig og fullstendig søknad med alle opplysningar kommunen treng for å kunne behandle søknaden. Jfr. § 12-4.
Kommunen behandlar søknaden innan seks veker etter at søknad med alle nødvendige vedlegg er mottatt. Manglar opplysningar eller dokumentasjon, vil dette kunne forsinke saksbehandlinga. Prosjektering av jordreinseanlegg må utførast av folk med tilstrekkeleg kompetanse.
Bygging av avløpsanlegg er eit søknadspliktig tiltak i samsvar med § 20 i plan- og bygningsloven. Det må søkast byggeløyve i samsvar med plan- og bygningsloven før tiltaket blir sett i verk. Det er nok å varsle naboar ein gong dersom det blir søkt om utsleppsløyve og byggeløyve samtidig.
Meir informasjon om temaet og krav til søknad kan du finne her: https://www.nibio.no/tema/miljo/mindre-avlop
Rettleiar til søknadsskjema finn du her.