Du er utelukka grunna vandel dersom:
- du er idømt ubetinga fengselsstraff i meir enn eitt år
- du er idømt forvaring eller særreaksjon etter straffelova § 40 eller §§ 62 til 65
- du er idømt ubetinga fengselsstraff i eitt år eller mindre, og det ved valperiodens start 1.1.2025 er mindre enn 15 år sidan dommen var rettskraftig
- du er idømt betinga fengselsstraff, og det ved valperiodens start 1.1.2025 er mindre enn 10 år sidan dommen var rettskraftig
- du er idømt eller har vedtatt bøtestraff for eit forhold som etter lova kan medføre fengsel i meir enn eitt år, og det ved valperiodens start 1.1.2025 er mindre enn 10 år sidan dommen var rettskraftig eller vedtaket
- du har fått betinga påtaleunnlating eller domutsetting for eit forhold som etter lova kan medføre fengsel i meir enn eitt år, og det ved valperiodens start 1.1.2025 er mindre enn 10 år sidan avgjerda var rettskraftig
Dom på samfunnsstraff
medfører utelukking etter første ledd nr. 1 eller 3, avhengig av lengda av den
subsidiære fengselsstraffen. Ved delvis betinga
fengselsstraff vert kvar del vurdert for seg sjølv etter første ledd.