Frå 1. august 2022 blei det innført at ikkje noko hushaldning skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si for ein SFO-plass. Foreldrebetalinga er og regulert av maksimalprisen som er 3.000 - kroner pr. månad. Ordninga gjeld for barn på 1. t.o.m. 4. trinn
Maksimum samla person- og kapitalinntekt for at hushaldningar skal få rett til redusert foreldrebetaling er kr 500.000,-.
Betaling for kost (matpengar) kjem i tillegg.
Det er kommunen der barnet er folkeregistert som skal behandle søknadane om reduksjon i foreldrebetaling.
Ordninga gjeld for foreldre/foresatte med barn både i kommunale og private skular
Søknadsfrist
For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå 1. heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.
Søknaden blir ikkje ferdigbehandla før tilstrekkeleg dokumentasjon er innlevert.